- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

HAUGTUSSA

og tregar sorgfull for han var so veik.

Den tyngste Sut ein sistpaa med kann vinnast;

paa fagre Solfjell skal de ein Gong finnast.

Men den som sjølv si Sorg med Saknad bar,
og veit kor Hjarta saart i Lengt maa kvide,
og veit kor seint den lange Dag vil lide, —
daa maa du ikkje lenger vera hard.
Naar tidt i Lid du høyrde Strengir laate,
det er ein Vén som etter deg maa graate.

Han vil deg berre vel, min gjæve Bror,
og Kveld og Natt hans Song i Skogen klagar,
og huglaus vildrar han dei vonde Dagar
og søkjer deg med Lengt og linne Ord.
Du maa kje kald og svarlaus burt deg vride,
men tenkje mjukt um den som so lyt lide.

Naar Vinterstjerna fyrste Gong seg ter,
daa held me Fyri-Jol paa Fir-kam haage;
daa vert du lyft av deim du inkje ser;
men ver kje rædd; dei er deg alle fjaage.
Der fær du sjaa det ingin veit i Bygdom;
og den du finn, som dreg deg heim av Høgdom."

Ho blaanar burt og kverv i Skogen djupe.
Haugtussa vakna av sin halve Blund,
og tottest timja i den same Stund
som brune, snare Vengtak av ei Rjupe.
Som klumsa stirer ho med Auga drøymt.
Alt det ho hugsa fyrr det hev ho gløymt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free