- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
200

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

200

I HELHEIM

Veslemøy.

Kven sit der paa Berg-Svad bøygde
og sangrar med sutrande Ordi,
og lovsyng med lange Lengtingskvad
den grøne herlege Jordi?

Systeri.

Det er dei uglade Sellar
som aldri for Live takka,
og aldri saag at Jordi var grøn,
um Jordi rundt dei flakka.

D’er dei som alltid sytte,

og alltid sytnare vaks;

köss dei fekk det og koss det snudde,

aldri det vart deim til Lags.

Koss dei fekk det og koss det snudde,
aldri det vart deim godt;
vide vankande Sol dei søkte,
kvar dei kom vart det Nott.

All den Stad dei i Verdi freista,
og kvar deim Vegane bar,
alltid det syntest deim best aa vera
der som dei ikkje var.

So villa dei mangeleis att og fram
med Vonine alltid smærre;
Hyggje fann dei ingin Stad,
og alt vart æveleg verre.

Dei banna Dagen dei borne var
til slik ein stusleg og fæl Heim;
Jordi den graae og leide tyktest
til Slut deim verre enn Helheim.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free