- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
247

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HELHEIM

247

Hovud til anna
stundom kvæser,
skjeglar, glefser,
grin, fræser.

Men inkje ved Strid
dei vinn eller vann;
det veit dei og blidkar seg
best dei kann.

Ikkje i Sjølvstrid
kann Dyre vinne;
Hovudi blidkar seg,
heite av Sinne.

I Krig ein maa
med seg sjølv halde Fred;
det skynar og veit dei
i Helvite med.

Vakt hev Dyre
ikring seg nære,
ei Herre-Vakt,
liksom til Ære.

D’er Hamar morske,
Løvur, Ørnar,
Leopardar,
Panterar, Bjørnar,
mammonsmerkte
Mannshamar stygge;
dei sit der og gjæter
med Augo gløgge.

„Dei held" — kved Systeri —
„alle Vakt

yvi Bandi som tvingar
Dyre med Magt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free