- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
1

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Fritenkjar.

[Denne Sogo (skrivi 1878) fortel fraa den Tidi daa den siste
store Striden um Trui stod her uppe; og med alt som elles kann
vera paa ho aa segja ber ho Alerke av, at han som skreiv ho
sjølv hadde vori upp-i den Striden.]

I.

JOLAFTANS Kvelden sat Presten Vangen med
Huslyden sin i Storstogo, som var flidd til Helgi. Paa
Bordet brann tri Ljos; eit Bilsete paa Veggen, som
synte den nyfødde Frelsaren i Bethlehemsstallen, var
umvunni med ein Krans av Grankvistir. Huslyden
var ikkje stor; det var Presten og Kona hans, og
Dotter hans som heitte Ragna; og so var der ein
Framandkar, Herr Balle, Kandidat i Teologien og Hjelpeprest
hjaa den Gamle. Han var Ungkar og skulde halde
Jol hjaa Overhyrdingen sin.

Dei sat og svalla saman og venta paa fleire
Jole-gjestir. Det var tvo Studentar som skulde koma fraa
Kristiania; den eine var Hans Vangen, Son i Huse,
stud. theol.-, den andre heitte Eystein Hauk, var Son
aat Provsten og like eins teologisk Student.

Av Talen lyddest det som Eystein Hauk nyst var
komin heim fraa ei Utlandsferd. „Det er i Rom han

I — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free