- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
8

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

EIN FRITENKJAR

„Høyrer De, Herr Pastor?" sagde Balle, „høyrer De,
kor den franske Aand tek til aa faa Magt? den
franske Aand, som alltid hev vori eitt med Rationalisme
og Revolution?"

„Her er eit Stykke som vil gjera Herr Balle godt!"
ropa Hans. „Det er ikkje godsnakkande og vide vasande
som vaare norske Bladstykke; der er Eld og Brand her;
du kjenner liksom knytte Næven attum Ordi, buin til
alt dersom det knip. Slikt kallar eg Politik!"

„Aa du er ein Galning," sagde Presten. „Kom
med det."

Hans las upp eit Stykke mot dei prestlynde eller
klerikale, og Stykke var svært radikalt. Det gjekk
særleg ut um at Prestane og Kristindomen maatte ut
or Folkeskulen, so sant her skulde vera tenkjande paa
sann og sunn Folkeupplysning. Kristindomen hadde
gjort det han kunde gjera no; heretter laag han berre
i Vegin. „Fridom og Sjølvmagt" var Hér-rope no for
Mannsens Ætt; dei kunde vera fagre nok, mange av
dei Draumane som den nye Tidi tvinga oss til aa sleppe;
men Ljos og Liv og Sanning var daa tie Gonger fagrare
enn alle Draumane.

Kapellanen sat aa mylte og saag i eit av dei norske
Bladi. „Her stend det same," sagde han. „Nei,
vel —?" „Jau, det same, — og daa ikkje det same.
Det norske Blade hev stroki eller steilt paa alt, som
handlar endefram um Kristindomen; Resten er likt."

— „Ha-ha-ha!" lo Hans; „for Lurifaksar!"

„Ja dei er kloke som Slangar," sukka Kapellanen.
„Her kann me daa tydeleg sjaa kva som under bur.
Det er løynt burt i Politik; men Aandi kann dei
ikkje dylja: det er just denne same franske
Helvites-aandi, Upprørsaandi, Djevelsaandi, som reiser seg
mot sjølve den livande Gud. Ser De det, Herr Pastor?
Ser De kor heile denne Fridoms-Politiken, dei kallar,
er borin og gjenomsyrd av den gudlause Upprørsaand?

— I Sanning, det vert meg meir og meir klaart, at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free