- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

EIN FRITENKJAR

„So vil eg og avstad!" ropa Hans. „Du,
Villstyringen," sagde Presten; „du kom berre til aa fjasa
deg burt du." — „Aa, Live der ute kann nok gjeva
Aalvor," meinte Hauk.

Hans gjekk aaleine inn paa sitt Rom; Presten fylgde
Hauk inn paa hans. „Fann du mykje der ute som
kunde vera gagnlegt for Prestlærdomen din?" spurde
han. „Aa — der var visst nok aa finne." — „Du vil
vel halde fram med Prestlæra?" — Hauk tagde
litegrand, saag so upp og sagde: „Nei."

Det gav eit Rykk i Presten. Men han tok seg att.
„Du tek ei ny Lære daa?" — Hauk lika ikkje denne
Frettingi; han visste ikkje kor Presten vilde av. „Nei,"
sa han; „eg vert Bladmann." — „Bladmann? . . . Hm.

— Men kor vil Får din like det, trur du?" — „Veit
ikkje so vel; men eg for min Part vil like det."
Presten tagde, stod med Ljose i Handi og saag nedpaa
det; Munvikine hans skalv i smaae, uvisse Rykk. „Ja

— ja; ein Bladmann kann og gjera mykje godt . . .
naar han stend paa den rette Sida." — „Visst kann
han det." — „Det er ... i eit Fridomsblad?" —
„Naturlegvis." —

Presten sette Ljose fraa seg; tagde; gjekk att og fram
eit BU og liksom togg paa ein Tanke. Tilslutt kom det.

„Høyr Hauk ... eit aalvorsamt Ord. — Eg ser du
undrast paa at eg er so spurvis; men ... det er ikkje
so godt for oss her ute paa Lande; ein gjeng og ber
paa so mangt og fær so sjeldan noko vita. — Seg meg
. . . trur du, at denne nye Fridomspolitiken i Grunnen
er ukristeleg?"

Hauk drog umerkeleg paa Aksline. „Er det den
norske Fridomspolitiken, De talar um?" — „No ja,
for det fyrste den ..."

„Den norske Politiken er sogamaldags," sagde Hauk,
„at han naar ikkje so langt som til det religiøse
Spurs-maale. Ein kann vera Fridomsmann i Norig um ein
so er Mormon. Dei ymse Livstankar er skilde aat her.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free