- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
23

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23 EIN FRITENKJAR



Folk han hadde tenkt aa ofre seg fyri. Ikkje Kapellanen
dessmeir . . . den gamle Presten saag kaldt burtpaa
han, som han stod der og tala med Kaksen Aasrud —:
kor styvin han saag ut! — Mot sin Vilje kjende han
Age for denne unge Mannen Hauk med hans klaare
Vit og hans djerve Tankar; han maatte tala med ho
nom; han maatte faa honom til aa forstaa seg; han
maatte freiste aa faa Greide paa kva han vilde. Men
samstundes kjende han mest som eit Hat til honom.
Denne Kaldfliren, denne Mine av aa vera klokare enn
hitt Folke, dette storlaatne, kaute, som sagde: „eg gjev
Dykk ein god Dag alle ihop, for eg eig Framtidi!" —
aah, det var utekkjelegt, det var ugodslegt, det var
stygt . . . Presten tok seg i eit Ynskje um, at Hauk
ein Gong maatte koma i slik Sjæle-Naud at han fekk
kjenne seg armare og usælare enn alle andre.

Men dei tvo Studentane sat saman paa
Gjeste-kammerse. „Ha-ha," lo Hans, „du var hard med
Kapellanen i Dag." „Pøh, den Idioten!" svara Hauk.
„Han skulde havt mykje meir." „Ja," sagde Hans,
„han treng visst alt han kann faa . . . endaa Stakkaren
meiner det nok ærlegt." Hauk vreid paa seg. „Eg
vyrde ’n meir, um han var Hyklar," sagde han. Hans
sette Augo. „Jau!" sagde Hauk. „Innunder
Hyklar-kaapa er der daa Trass; men her . . . Naa ja; nok
um det. Det er sant, du: eg reiser i Morgo." „Er
du rusk?" „Eg maa heim til dei gamle. Grunnen
til at eg tok inn-um her ... ja den veit du vel ikkje?"
Hans mylte og saag fult paa Hauk. „Ein hev alltid
sine Tankar," sagde han. Hauk kjende han vart raud,
stod upp og tok ei Vending att og fram paa Golve.
„Ja-ja," sagde han, „det ligg no ikkje so langt or Leid."
Hans vart med ein Gong aalvorsam og treiv Hauk i
Handi. „Kjære Vén!" sagde han, „du veit ikkje kor
glad eg vilde vera, um det vart av." Hauk gav ’n
Handtake att, men tenkte med seg: naar det vert
av, hev eg knapt Bruk for deg lenger. — „Veit du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free