- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
37

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37 EIN FRITENKJAR



Brev i Handi og saag ut som han hadde fengi Vondord.
„Goddag," sagde Balle. „Aa Goddag, Goddag," svara
Presten. Her er noko tids, tenkte Balle. „Sjaa og
finn Sæte," bad Presten; dei sette seg.

Hans vilde gaa. „Ver heller inne," sagde Balle.
„Det er sumt eg vilde tala um." Hans sette seg.
Presten stirde uroleg paa Kapellanen.

„Hev de lagt Merke til Frøken Ragna i seinare
Tid?" tok Kapellanen i med stort Aalvor. Det var
liksom Presten vart endaa kvitare. ’Hev han og teki
den Tanken?’ sukka han. „Ho er hügbrigd," sagde
Kapellanen. „Finn De det?" spurde Presten. „Ja.
Ho er uroleg; ho bleiknar; ho gjeng som i Draumar.
Ho var ikkje soleis fyrr."

Presten tagde. Han hev set gløggare etter enn eg,
tenkte han, halvt i Mismod, halvt i Forundring. Balle
heldt fram: „um eg ikkje tek imist, so er dette
Um-skifte komi paa no nyleg?" Daa Presten tagde, vende
Kappellanen seg til Hans. „Herr Kappellan," sagde denne,
„eg visste ikkje at De høyrde til Huse." „Grunnen
til at eg spør so fritt," sagde Balle, „er ingin personleg.
Men det maa eg segja, at er det som eg tenkjer, so
vilde den Dagen daa Eks-Teolog Hauk steig inn her,
vera ein tvifald usæl Dag for denne Garden."
Kapellanen saag strengt paa Hans.

„Hev De Grunnar for den Mistanken?" spurde
Hans noko ustødt. „Veit De verkeleg ikkje det at
han er Fritenkjar?" svara Balle hardt. „Nei," sagde
Hans. „Daa er De saklaus — i so Maate. Men De
burde visst det." — „Det var ikkje so godt aa vita,"
sagde Hans ustødt. „Hm," sagde Kapellanen; „gjeng
han f. Eks. i Kyrkja?" — „Nei, det er sant; men — "
„Talar han anna enn vondt um oss Prestane?" —
„Sjeldan; men ... Eg tenkte det kom seg av, at han
hadde liksom eit høgare Syn paa desse Ting . . ."
„Ja ser De, me skal agte oss for desse Folk som hev
slikt eit ’høgare Syn’," sagde Kappellanen og drog paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free