- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
42

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42

EIN FRITENKJAR

„Herr Bladstyrar! Det hev komi ut eit Ord um at
det skulde vera eg som hev skrivi Brevsendingi i
Nr. 2 um Prestane og Politiken og um Pastor
Vangens Joletale. De lyt gjera vel og vitne, at dette
ikkje er so, og at eg ingin Ting hev havt med det
Stykke aa gjera. Eystejn HauR

Herr Hauk hev inginting havt med det umskrivne
Stykke aa gjera. Bladstyre."

Presten las det. „Ny Lygn!" tenkte han og heiv
Blade paa Golve. „Det finst ingin Mann i mi Sokn
som kunde skrive so stygt um Presten sin, det veit
eg. So langt er me daa enno ikkje komne, Gud vere
Lov og Takk. Dette Bladstyre er vel av same Ulli
som Hauk sjølv; og ei Lygn fraa og til kann ikkje
skilja deim stort."

Men daa Ragna fekk sjaa Blade, trudde ho fullt og
fast at Hauk var saklaus i dette. Og so underleg var
ho i Lag, at denne Trui gjorde henne sterk att. Det
kunde hende Hauk var Fritenkjar. Men han var det
visst ikkje paa same Maaten som dei andre. Det kunde
ikkje vera vond Vilje som gjorde det. Han var
berre synkvervd, bergtekin . . . Den som kunde ringje
med sterke Kyrkjeklokkur innyvi dei Viddir der han
no vildra, so kunde han visst endaa verte frelst. Frelst!
— Det vakna underlege, sterke Tankar i den unge
Gjenta. Ho fekk ny Eld i Augo og nytt Mod. Ho
livde seg inn i den Trui at ho hadde ei Livsgjerning.

Det fyrste ho sette seg fyri aa gjera var aa faa full
Greide paa Avisstykke. Ho fann ut at der var ein
Mann i Sokni som kunde ha skrivi den Brevsendingi,
og det var Lærar Vikstad. Ein Dag gjekk ho til
honom paa Skulen hans. Ho bad honom, dersom han
var Forfattaren av det Bladstykke, aa gjeva henne eit
skriftlegt Vitnemaal um det. Får hennar hadde ein
annan mistenkt, sagde ho, og denne andre var svært

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free