- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
51

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

51 EIN FRITENKJAR



som livde i ei Daarekiste fekk brüka dei Raadir som
baudst. Naar ein Mann stod mot hundrad tusund, so
hadde han Rett til aa bruka Prettur. Det galdt meir
enn eit Liv her; det galdt Livslykka for tvo. Dessutan
. . . han livde ikkje i heil Sanning no heller. Han
tagde med sine Tankar der han visste det berre vilde
gjera vondt aa tala; so kunde han taka eit Stig til.
Han tok Pennen med skjelvande Hand og vilde skrive
eit Brev til Presten Vangen. Det skulde vera so
kristelegt, at den gamle skulde koma ifraa sine
Mistankar. Han skreiv og han skreiv; det baud hardt
imot, men han skreiv; til Slutt var Breve ferdugt. Men
daa han las det igjenom vart han skamfull som ein
Hund og slengde det i Omnen.

So gjekk han og ynskte at han aldri var komin
inn-paa desse Tankane. Kvi skulde han tenkje, han meir
enn andre Teologar? Hadde han rolegt fari dei
vanlege Vegar og vorti ein vanleg teologisk Kandidat, so
hadde han no havt Livslykka si. „Og naar alt kjem
ihop so er det den det gjeld um," tenkte han. „Me
er alle Egoistar, og det hev me Rett til. Er me fyrst
komne inn i delte arme Live, so er det ikkje meir
enn rimelegt at me tek til oss av Rettine." Og kor
mykje galdt det i Grunnen um kva ein trudde? Det
var ingin som visste kor den fulle Sanning var aa
finne; det rimelegaste var at ho ikkje fanst; det som
det galdt um var til siste Slutten det — aa vera stød
i sitt. „Og den som kastar seg heilt inn i ein
Tanke-Ring, han vert stød i sitt. Det er ingin Teolog som
saknar Tankens Fridom. Er ein fyrst komin inn i
den Troll-Ringen, so finn ein seg godt der, og tykkjest
tenkje fælande fritt. Det er liksom dei bergtekne;
naar dei drikk av Trollhorne, so gløymer dei kvar dei
er ifraa, og kjenner ingin Lengt meir etter Sol og fri
Luft. Og so gifter dei seg og røykjer Tobak og er
sæle." Men han tottest likevel ikkje kunne koma inn
i denne „Troll-Ringen".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free