- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

69 EIN FRITENKJAR



det er fælt. Og Kyrkja hev ikkje mange Stormennar i
denne Tid. Dei er snart talde dei som ein kann segja
lyfter seg upp-yvi Tylvti. Difor trengst her einkvar
ung, sterk Mann, utbudd med stor Daning og
Kunnskap, og med Skrive- og Talegaavur av høg Rang, ein
som kann tyne ned alt dette Satansherke, og samle
Kyrkja i sin gamle Stordom til eit fast Murverk mot
alle desse Avgrundsmagtir som ligg og bryt og kokar der
ned i Folkedjupe. Hm? du forstend? — Det vilde
vera eit Arbeid som kunde adle sin Mann! Det var
noko for ein Idealist som du! Hm —?"

Hauk vart so tung um Hjarta ved slikt. Men han
laut halde seg. „Slikt Verk ligg langt yvi ein Manns
Magt," sagde han. „Ein Manns Magt?" ropa Provsten.
„Nei høyr, Gut. Just i ein Mann er det, Krafti maa
samlast, just paa ein Mann et det, Verke maa bli lagt;
aldri vart eit Storverk gjort av ein Korporation, og aldri
vart Verdi reformera av ei Generalforsamling." —„Sant
nok," sagde Eystein. „Javisst er det sant," meinte
Provsten.

— „Eg lyt fyrst røyne ut kor langt eg kann koma
med det eg no hev fari til med," sagde Eystein; han
vilde burt fraa Emne. „Kunde eg drive det upp til
aa verte ein god Bladmann, so hadde eg vunni meir
enn um eg vart Bisp." „Pyh!" blés Provsten og slog
ut Pipa si. „Nei, Gut; det vert du snart leid av. Vera
Bladmann er aa vera Træl; du trur du er Styrar av
Dagsens Straumar, og just so er du berre eit
Tutarhorn for dei Tankar og Meiningar som til kvar Tid er
uppe. Men hev du ein Tanke du sjølv vil hava fram,
so — Takk skal du ha! — so hev Publikum anna aa
tenkje paa. Du kann leggje all di Sjæl inn i eit slikt
Arbeid, og du kann vera so dugleg du vera vil —:
„han skriv godt for seg, den Fyren!" segjer
Publikum; og so gjeng det sin Veg. Nei! den som vil faa
noko fram i Verdi, han hiver Penn og Papir og gjeng
inn i det praktiske."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free