- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
71

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

71 EIN FRITENKJAR



Provsten gjekk att og fram. „Hm —ja; kann vera,
kann vera . . . Men din iheologicum skulde du hava
likevel, — for alle Tilfelle, ser du! Du veit ikkje kva
som kann hende, og du er ikkje lenger so reint ung.
Hm?"

„Me fær sjaa," sagde Hauk. „Det lagar seg vel;
og — som fyrr sagt: eg trur eg skal slaa større Slag
baade for no og sidan naar eg fiktar med Pennen, enn um
eg beiter meg for Embættskjerra."

„Naa ja-ja, ja-ja!" sagde Provsten; „lat oss ikkje
stridast i Kveld! Eg er i slikt Godlag at du kann faa
meg med paa kva du vil. Men det er sant! med det
same me er innpaa dette: sumt av det du hev skrivi
i „Framgang" er fælt radikalt, du! Det maa du
iallfall agte deg fyri. Du kunde snart faa Ord for aa
vera ein Rotrivar! Ja du kunde draga paa deg
Mistanke um, at du høyrde med til dette Helvites-Bøle
som ligg der inn i Kristiania og vil fuske fraa oss
Kristindomen vaar! Hm? — Gud fri oss! — Ein
slik Mistanke er speleg, ser du. Ikkje nok med at
han vilde stengje Embættsvegen for deg; men han vilde
likso vel gjera deg ubrukeleg ti! alt anna. For enno
held Gudskjelov Folke vaart fast paa si gamle
einfal-duge Barnetru; so dersom nokon rører ved den, so
taper han med same Gongen Tilliten hjaa alle. Berre
den minste Mistanken er nok. Agta deg, Gut! — Hm?
— Du er ung og djerv; du meiner det ikkje so vondt!
men du hev som all Ungdom Hug for sterke Ord, og
meir Sans for Einskildmanns Fridom enn for den
Autoritet som held Samfunde ihop; — du kunde snart
faa ein Flekk paa Namne ditt og verte heitande
Sam-fundsrivar og Fritenkjar; og daa var du seld; daa kunde
du likso godt fara or Lande med same. Merk mine
Ord, Gut! Eg er eldre enn du, og eg kjenner mine
Folk; du skal aldri trega paa at du lydde meg i
dette."

Hauk tagde. — Aa, det var fælt aa sitja her og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free