- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
73

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73 EIN FRITENKJAR



heime hjaa seg. Det vart og avgjort, at det skulde
staa til Hausten.

XVII.

Bryllaupe stod. Hauk var glad og sæl, men lengta
sterkt etter aa koma ut or all den Lygni han her var
uppi. Ragna var sæl som han, men samstundes med
ein Daam av høg, mild Sorg. „Stor og rein som
Madonna!" tenkte Hauk og saag seg byrg paa henne;
„so klaar ei Panne maa vera aatkjømd for klaare
Tankar!" Men Ragna saag seg glad paa dei varme,
reine Augo hans; „med so rikt og varmt eit Hjarta
som han hev, so maa han kunne finne fram att til si
Barndoms Tru."

Presten Vangen var ikkje med i Bryllaupe, til stor
Saknad for gamle Provsten. Det heittest at han var
sjuk, og det var ikkje so langt av Leidi heller. Men
han hadde sendt Provsten eit Brev som denne undrast
mykje paa. „Kann du skyna kva Mannen meiner?"
spurde han Son sin. „Han skriv so høgtidsfullt og
løyndomslegt, at eg forstend ikkje eit Ord; og ikkje er
det likt til han er glad heller!" — Eystein las Breve.

Det var fullt av Innpaatyding og Burtpaaleiking; den
gamle Presten hadde ikkje havt Mod eller Vilje til aa
segja sine Tankar ut; men han hadde daa gjengi so
langt som han kunde. „Aa pytt," sagde Eystein til
Far sin; „det er berre denne galne Kapellanen dernede
som gjer Presten ør. Han er rædd meg i Politiken,
ser du! — for du veit at Vangen hev vorti svært
konservativ i denne Tidi." „Aa er det det!" sagde
Provsten. „Men Herre Gud, er ikkje eg likso
konservativ som han?" — „Hm — ja, Vangen er ikkje
berre konservativ; han er Bakstrævar." — „So. Hm;
i gamle Dagar var han meir frilyndt enn baade eg og
dei fleste." — „Dess stridare Bakstrævar er han no."
— „Hm, forunderlegt!" Provsten riste paa Hovude

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free