- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
75

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75 EIN FRITENKJAR



hyggjelegt til aat henne, og ho vart hjartans glad i sin
nye Heim. Han var litin men koseleg, ljos og fager.

XVIII.

Og som Heimen var, so var og det Live som no
der tok til. Ingin nemnde det som skilde; det kom
alltid fram i Samrøda ender og daa, og iser var Hauk god
til aa leggje sine Tankar inn so det knapt vart
aat-gaatt; men dei striddest aldri. Og i sin unge
inderlege Elskhug var dei kvar paa si Side uendeleg vare
for aa nemne Ting som kunde gjera vondt. Ragna
visste dessutan, at det kunde ikkje nytte for henne aa
taka det med Strid, daa Hauk var so mykje klokare;
men Hauk paa si Side vilde ikkje for alt i Verdi ho
skulde tru, at han vilde „umvende" henne. So gjekk
det overlag godt. Det at Kjærleiken liksom var
inn-sprengd med duld Sorg gjorde at han vart berre meir
djup og varm, ja saar og sorgfull, som naar ein elskar
den ein ikkje kann faa.

Men det kjendest likevel stundom tungt, at der skulde
vera noko slikt imillom deim som dei ikkje kunde tala
fritt um. Det var som dei ikkje aatte kvarandre heilt
paa denne Maaten. Sitt høgste og beste Aandsliv
maatte dei liva kvar for seg, og det dei kunde hava
tilhopes vart mest det kvardagslege, det vanlege. Og
ikkje ein Gong dette aatte dei heilt saman. For det
fanst i Grunnen ingin Ting som dei ikkje saag kvar
paa sin Maate. Dette kunde stundom falle svært vondt.
Og ettersom Tidi leid kom det liksom noko framandt
inn imillom deim. Dei vart meir og meir utrygge for
kvarandre, visste mindre og mindre aa finne kvarandre.
So vart dei rædde og søkte dess fastare ihop, gav etter
og ofra alt det dei kunde til aa naa kvarandre; men
so forstod dei at det fraa baae Sidur var eit Offer; og
det vart og vondt. Stundom kunde Hauk tala so Ragna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free