- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

EIN FRITENKJAR

„men legg ikkje fram so mykje av desse . . . Meiningane,
so er du snild." — „Vil du daa eg skal vera usann
imot deg?" spurde han. „Nei! nei! tala um alt, og
som du vil!" — „Men naar eg veit at eg saarar deg?"
sagde Hauk skjelvmælt. „Eystein —!" ho gret. Han
drog henne mildt inn til seg, men kunde ikkje svara.
Sidan prøvde ho aa tvinge han til aa tala, med di
ho i mest all Ting spurde um hans Meiningar. Men
ho kjende snart med stor Rædsle, at han hadde fengi
meir Magt med Tankane hennar enn ho baade visste
og vilde. Serleg kjende ho dette naar ho kom i Kyrkja
eller tala med andre gudelege Folk. Ho kom ved dette
i ein slik Strid med seg sjølv, at ho var paa aa gjeva
seg yvi. Ho totte ho hadde aa velja millom Gud og
honom, og her kunde ho ikkje velja. —

Sin store Tanke um aa vinne honom attende til
Trui, den freista ho fraa fyrste Dag aa setja i Verk
ved aa syne honom eit sant kristelegt Liv, so han
liksom skulde sjaa at Kristintrui var den beste og
sannaste. Og dette gjorde ho paa ein slik Maate, at
Hauk ofte maatte tenkje med seg: var alle Kristne
slike, so vilde Kristindomen enno eige Verdi. Men
han hadde ei Kjenning av at alt dette gjorde ho med
Tendens, for hans Skuld; og straks fekk det mindre
Verd og liksom mindre Sanning. Stundom var det
endaa mest so han mislika at ho bøygde seg so
audmjukt og motstandslaust under hans Vilje. „Det er
for lite Reisning i dette!" tenkte han. „Der er
Trældom i det! Kvinna hev ikkje godt av aa liva
under ein slik Moral!" — Dette forstod ho ein Gong av
eit Stykke han hadde skrivi i Blade, og daa vart ho
mest raadvill. Ingin hadde ho som ho kunde tala med;
og Trui hennar var ikkje so trygg og hugheil som fyrr.
Ho leid meir enn nokon livande visste. Men so bad
ho og gret og las i Bibelen; og ho kom daa alltid
til det at ho burde halde fram som fyrr.

Hans Vangen, Bror hennar, kom til henne stundom,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free