- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
93

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93 EIN FRITENKJAR



hadde eg gjort deg, og kva hadde Mor di gjort deg,
at du ikkje skulde tru oss og vera ærleg mot oss?
Og so gifte deg, gifte deg med ei so god Møy, og
endaa ikkje segja ifraa! Du hev fari som ein Skarv.
Du er eit Skadedyr og ein forgiftig Orm. Det grys i
meg naar eg tenkjer paa deg. Du er eit Barn av
Anti-Krist og ein forbanna Ting; vik ifraa meg! eg
vil ikkje vita av deg lenger.

„For det du sjølv hev gjort fær du sjølv svara. Det
er ikkje Vite som vantar. Bøyg deg og bed Gud um
Naade, fyrr det er for seint! Og kjem du ein Gong
att som ein angrande Syndar, daa skal du minnast at
du hev ein Far her paa Jordi. — Og eg, som hadde
drøymt so stort um deg, min einaste Son! —
Farvel; Gud hev vilja refse meg for mine uvise og
ov-modige Draumar.

„Men du er ikkje lenger trudd til aa hava den
Kona du hev, eller til aa fostre Born. Du kunde
tilmed — Gud hjelpe oss so sant! — finne paa aa negte
Guten din Daap og lata honom vekse upp Heidning.
Difor skal Ragna koma heim til meg. Svara du for
deg sjølv; men du hev ikkje Rett til aa øydeleggje
andre.

„Det vil og vera rett av Ragna aa sjaa heim til Far
sin. Han hev, som du veit, vori sjukleg heile Aare,
og no segjer dei han er so klen at det kann spyrjast
um han kjem seg att. Hev Ragna noko paa sitt
Samvit her, so kunde ho kanskje no gjera det godt att.

„Men du —, reis du or Lande til dess alt er avgløymt
att; og kom ikkje heim, fyrr du hev vorti ein heilt
annan enn du no er. — —"

Det andre Breve var fraa Bladstyraren av
„Framgang". Han skreiv:

„Du hev gjengi for vidt. Folk segjer upp Blade i
tylvtevis. Naar det kjem inn paa det gudelege, so
er Folk liksom olme. Skriv eit Stykke og prøv aa
vride deg fraa det; og so lyt du — so vondt som det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free