- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
96

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

EIN FRITENKJAR

deg inne i det Kraake-Reire!" — „Ja ja, det var gali,"
sagde Hauk.

Han for og flakka by-imillom der nede eit Aars Tid
eller so; drog so til Paris att. Der laag Brev til
honom heimanfraa. Eit var fraa Ragna; det var med
Syrgjekant. Gamle Presten Vangen var daain; og
Hauk, som las Breve i sjuk Elsk og tyrste etter
kjærlege Ord som solbrend Blom etter Dogg, — han totte
det saag ut til at ho syrgde Far sin so reint yvi Lag,
at ho lite hadde Tanke for noko anna. Um seg sjølv
skreiv ho mest inginting; til honom hadde ho blide
Bønir um Tilgjeving, og um aa tenkje paa sin
Barndoms Gud, men lite av det som han vilde hava;
Guten tagde ho stilt um. Det var eit Brev som kunde
sløkkje baade Von og Lengt, totte Hauk i si fredlause
Sorg. So var der eit Brev fraa Kandidat Breide. Han
ynskte Hauk til Lykke med aa vera komin ut or
Ægte-skaps-„Hie" og ut or eit Land der alt var Armod og
Myrkr; sjølv var han no Adjunkt i ein Smaaby og
heldt paa aa svelte ihel, iser aandeleg. Fraa Hans
Vangen var der eit Brev med lange Bots-Preikur og
med mange harde Ord yvi hans Framferd mot Ragna.

„Og no hev ho, etterpaa alt, fengi ein ny tung
Støyt," stod der, „med di Herren i sin uransakelege
Visdom hev funni det rett aa kalle heim til seg vaar
ugløymelege, kjære Far; men det er og, tor eg segja,
ditt Verk; for han hadde aldri ein glad Dag sidan du
tok Ragna ifraa honom, og han hadde livt enno, um
ikkje det hadde komi. Men Herrens Tankar er ikkje
vaare Tankar. Ragna tek baade dette og alt det andre
so tungt, at det er Uraad aa vita kor lengi ho kann
bera det. Og i Anger yvi den Syndi ho visste ho
hadde gjort imot Far, tok ho det visst altfor stridt
med aa stelle for honom og vaka yvi honom i den
siste Tidi han laag sjuk. Ho gjeng no her som ein
Skugge og er so kraftlaus og arm, at det er ei Sut
aa sjaa. Men ho hev lært aa søkje Hjelpi der som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free