- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
123

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT

123

kunde hava so mykje Vit? Eller um han gjekk med
Draumar? Asbjørn hadde høyrt gjeti denne galne Sogo fraa
Haugstad; kunde dei ha vorti kjende, desse Ungdomane?
Kunde ho ha forsét seg paa den staute Guten og lova
aa vente paa han? Aa langt-ifraa. Men vondt var
vondt i alle Tilfelle. Fara so langt ifraa Gjenta si, det
er som aa sleppe fanga Fugl or Handi; Gjentehugen
er slengin, den. Di meir han tenkte, Asbjørn, di
ugladare vart han. Det var visst rimelegt at Guten
gjorde som han gjorde, kor rart det saag ut; men leid
han for Syndi til Far sin, so var ikkje det meir rimelegt
enn at Far hans hadde löti lide for Syndi til sin Far
. . . underlege, underlege Greidur. Og endaa hev eg
stræva som ein Træl, tenkte Asbjørn, med aa faa rette
det som var rengt; men det heng i, det heng i; det
er seigare enn Live; det heng i Ætti.

Paa heile denne Byferdi vart mykje tenkt og lite
sagt. Men daa dei var framkomne, og Leiv steig i
Baaten og skulde umbord, daa tok den gamle han i
Handi og sagde: „vil du, so skal eg hava eit Auge
med henne, Leiv ... og helsa henne fraa deg um
du skriv til meg stundom"; Leiv saag undrin og mest
uroleg upp aa Far sin. „Og tak den store Mannen
med deg," heldt Asbjørn fram, „og haldt Vegen din bein;
og hev eg Skuld mot deg, so tak ikkje det med deg
der du no fér . . . ingin hev Brev paa Live. Og so
maa du fara vel!"

Leiv undrast; visste ikkje rett aa svara; kjende paa
seg, at han hadde gjort for lite av Far sin. „Farvel,
Far; Takk ... for alt . .

Baaten skaut seg fraa Bryggja; Asbjørn løynde seg
i Folkehopen. Der stod han og stirde, skygnde og
stirde til Guten var um bord, og endaa lengi etter.
Daa det myrkna gjekk han. „Du store Mann der
uppe," sukka han med seg sjølv, „du bryr deg vel
ikkje mykje um mi Bøn; men . . . hav eit lite Auga
med Guten min! — han er so ung, og han fér so vide."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free