- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140

AV LA AK ÆTT

tala med Presten. Men kva Hjelp kunde det vera i
det; han visste kva Presten vilde segja. Dei hadde
kje Greide paa köss Verdi saag ut for oss Smaafolk,
slike; og so var det no i det heile so lett aa døme i
anns Manns Sak. Det vart ikkje av at han tala med
Presten. Han greidde seg ifraa Floken paa ein annan
Maate: gav tie Dalar til dei fatige. Men daa det var
lyst tridje Gongen for Knut og Alvhild, gav han fem
Dalar til. Daa meinte Presten paa, at Asbjørn var
visst meir til Mann enn nokon tenkte. Det Orde totte
Asbjørn han hadde godt av; og det var ikkje fritt han
tok seg Vonir av det han hadde gjort. —

— — Leiv hadde ei hard Ferd. Haust-Stormane dreiv
Fartye att og fram; stundom visste dei kvar dei var
og stundom ikkje. Langt um lengi naadde dei
Engelland. Leiv kom seg umbord i eit Skip som gjekk til
Norig; daa var det langt paa Hausten alt.

Sistpaa var han heime. Han steig i Land paa den
Bryggja der han hadde skilst med Far sin sist; gjekk
so til Skjusskaffaren og tinga seg Skjuss; vilde
heim-yvi med same. Tok seg ein Sving burt-gjenom den
vesle Byen med’ han venta; kunde ikkje sitja i Ro.

Det hadde ingin Heimbygding kjent Leiv Hegglid
att no so lett. Han hadde vorti skrinn; Andlite var
yvigrott med Skjegg; Augo hadde fengi noko stirande
og stridt; og so var det den framandslege Bunaden.
Men Leiv tenkte ikkje paa det. Han undrast berre
paa, korleis Alvhild vilde taka imot han. Ein Ting
trøysta han seg med. Naar han var komin heil yvi
Sjøen etter det han no hadde gjort, so kunde ikkje det
vera for hans Skuld; det maatte vera so laga: Alvhild
skulde hava han. Men var det so laga ... ja Alvhild
skulde ikkje trega det, ho. Og det galne han hadde
gjort vilde han rette baade fort og vel; det hadde
alltid vori hans Meining.

Eit Par Bygdekarar strauk framum; kven var det,
tru? Det fylgde deim ein Brennevins-Tev; den eine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free