- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
147

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HENN

147

Tarald; „eg er rædd Dotter mi tenkjer paa Fantestykke
i Dag." „Aa haa," sagde Presten og flirde fult, ,,stend
det so til? Eg ser nok at Bruri ikkje er noko glad;
og eg hev høyrt Ymt um eitt og anna og; men eg
tenkjer no ikkje det er so faarlegt? Eg kjenner til
slikt. Dei gjev seg naar dei kjem for Altare. Dei
kann vera so harde dei vil, so mjuknar dei der. Dei
tek berre til Graaten; og sidan gjeng alt i Gløyme."
„Det er det same," sagde Tarald; „men dersom Dotter
mi finn paa noko gali i Dag, so lætst du som du ikkje
høyrer, og vigjerlike godt! — Lova meg det; du skal ikkje
trega det." „Aa ja; du er ein bra Mann, Tarald . . .
og Dotter di, ser du . . . ja-ja; eg hev aldri set ei
Gjente syrgje mange Dagane naar ho fyrst var gift.
Dei er liksom Ungane: ute av Syn, ute av Sinn. Eg
skal gjera som du segjer, Tarald, um noko skulde
koma paa; og so veit eg du kjem meg i Hug att
sidan." „Det skal eg," svara Tarald og gav Presten
Handi.

So kom dei til Kyrkja. Presten heldt ein lang Tale;
det gjekk mest ut um, at me skulde tukte og krossfeste
vaar eigin Vilje, og at ein kunde vera stød paa at
den ein fyrst kom aat Altare med, den vilde Vaarherre
ein skulde hava. Og det var stor Synd aa setja
seg irnot Guds Vilje. Det kunde hende at ein i sitt
eigi blinde Hjarta kunde innbille seg at det var betre
aa faa einkvar annan; men slikt var Kjøte og Satan,
og dei maatte ein agte seg vel for aa lyde paa; fylgde
ein deim, bar det til Helvite. Tarald totte det var ei
makalaus Tale; og det same totte Paal. Men Bergljot
høyrde ikkje so mykje paa det. Ho stod og skalv som
ho skulde vori sjuk.

Presten tok til med Vigjingi. Det gjekk godt med
han Paal. Men daa Presten kom til Bergljot, gjekk
det meir ymist. Ho sette i med eit Nei so høgt og
kvasst at alle maatte høyre det. Presten vart ustød
og skjegla nedetter Kyrkja; men der stod Tarald og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free