- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEMN

151

Spara Live! Drep ikkje Presten din!" Han bad som
eit Barn.

Men Aasulv tok han med baae Hendane og lyfte han
ut-yvi Baatkanten: „til Helvites med deg!" sagde han.

„Lat meg ... lat meg faa . . . lesa . . .
Fader-vaar," kviskra Presten vitlaus av Rædsle.

„Ver snar daa," sagde Guten og sette han nedpaa
att. Det var kolmyrkt; Vinden auka paa. Den vesle
Baaten rulla paa Baaretoppane.

„Fader vaar ... du som, du som, du som," sagde
Presten; han samla ikkje det han sjølv sagde; „spara
Live, Aasulv! eg skal gjera deg til ein rik Mann!
Det var Tarald som hadde Skuldi ..."

„Les no," sagde Aasulv.

„Fader vaar ... du som er . . . Eg skal kaupe
deg ein Gard, Aasulv!"

„Dersom du vil lesa Fadervaar, so er det best du
skundar deg no", sagde Aasulv og drog Presten upp i
Armane sine.

„Til . . . komme dit Rige . . . Ske . . . Ske . . .
Ske din Vilje som i Himmelen —"

Daa kom det rasande ei forfælande Vindflage ovantil
Nuten. Det peip og taut i Lufti; det sjoa og saud yvi
Vatne. Baarune lyfte seg liksom Sjøar . . . daa krengde
den vesle Baaten yvi paa Sida, og baade Aasulv og
Presten datt ut.

Aasulv freista aa koma seg laus fraa Presten;
Presten treiv i Rædsla fast Tak i Aasulv; so gjekk dei
til Botnar baae tvo. Vinden skreik i Bergskortune;
svarte Baarur dansa med Skavlar og Skum bort-yvi
Vatstromen; det høyrdest korkje Skrik eller Rop; men
Baaten laag og skumpla og hoppa paa Bylgjetoppane;
dreiv sistpaa i Land i ei Vik og vart der liggjande.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free