- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

SELD TIL DEN VONDE 158

Aa aldri eg trur paa den kaute Gut;
hans Hug er som Vatne kalde;
den greide og snaale eg vél meg ut,
han er den beste av alle.

No tagna Songen. Baard vart underlegt ved; han
tenkte seg um eit Grand; so song han:

Kven er det som syng so vent i Lid,
alt inni dei Skuggane lange?
Men er du Huldri, so gjev deg Tid;
for meg tek du seint til Fange.

Um eit Bil svara det, men no tett attved:

Aa agta deg vel, du frægde Gut,
alt inni dei Skuggane lange!
D’er leidt aa koma for Huldri ut;
for ho heve daara so mange.

Det gjekk i Baard; han kjende Maale. No tusla
det i Holte; ein Laatt kom trillande; og fram millom
eit Par Haslegreiner glytte eit Andlit, varmt, friskt,
med ein lystig Smil; eit digert, myrkebrunt Haar valt
fram og var i Vegen.

Det var Gunhild.

Baard stod og stirde, liksom ustød paa um han skulde
tru sine eigne Augo; ho saag det og lo paa nytt. „Ja
tak deg i Vare!" sagde ho. „Du veit ikkje Ord av,
so stend du inni Hallen min i Skards-nuten, midt
imillom stygge Troll med lange Tryne; og naar du vil
ut, er Portane stengde . . . hu, Gut!" Ho var so
forlokkande, at Baard vilde fram-til henne; men so lo
ho og løp sin Veg.

Baard etter. Flaug som det galdt Live. Hjarta
hamra i han so det gjorde vondt; Blode susa for Øyro;
han saag liksom Gneistar og urolegTindring. „Gunhild!"
Ho sprang; men no var han nærare. „Lat meg tala
med deg, Gunhild!" bad han; og no var han so nære’
at det nytta henne ikkje aa røme. Ho snudde seg og
stana; og no var ho bleik, men vart strakst etter raud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free