- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SELD TIL DEN VONDE

167

Gud! var det likevel so. Ho hadde stundom tenkt
det, men slegi det fraa seg; vilde ikkje tru slikt . . .
Ho bøygdest ned i ei glødande men ikkje usæl Blygsle.
Tenkte so paa Baard og vart endaa meir bljug, og
endaa meir sæl. Han skulde vita det! — lo ho
for-tryllt. Kor glad han vilde verte; og kor han vilde
halde av henne! Ja for Gud; no var ho hans. Ho
skalv der ho sat; varme, urolege Strøymingar gaus
henne gjenom Blode; tusund uklaare Tankar skaut upp;
den unge Gjenta kjende seg baade nedtyngd og
upp-lyft, baade bøygd og byrg av aa vita seg Mor.

Men so hugsa ho Far sin og Herr Jørgen.
Tankane tok ei ny Leid. Dette nye som glødde i
henne, halvt jomfrueleg Blygsle, halvt moderleg Sæle,
rengde seg um i ei Kjensle av fortærande Skam.
No forstod ho kva ho hadde gjort. No saag ho det.
Ho hadde fari aat som ei Bygdetaus, ikkje som ærleg
Jomfru. Ho hadde gløymt, at det som var forsvarlegt
millom Bøndar kunde vera den verste Æreløysa for
betre Folk; ho var utskjemd. Millom godt Folk kunde
ho ikkje lenger koma; tilmed Bøndane vilde gjera Narr
av henne. Det var ei Skam som ikkje var til aa bera.
Ho vreid seg som sjuk under denne ufysne Kjensla;
kraup ihop liksom ho vilde gøyme seg. Heretter torde
ho ikkje sjaa Folk. Ho laut røme Bygdi; gøyme seg
i Hellerar og Holur som ein Tjuv. Sjølve Barne ho
gjekk med vilde vera ærelaust. Kvar skulde ho av?
Far hennar vilde jaga henne; kom ho til Nes vilde
dei gamle setja Hunden paa henne; og Signe —!
Gunhild sprang upp som forvilla; no hadde Signe vunni. -

Nei. Signe skulde ikkje vinne. Det fekk vera det
same med alt; men Signe skulde ikkje vinne. Ho
gav seg til so godt ho kunde aa tenkje seg um. Naar
alt kom ihop var det enno ingin som visste noko. Men
i Bakhandi hadde ho Baard. Baard var ung, og ikkje
fri; men no laut han hjelpe. Og han var visst ikkje
den som sveik. Naar ho kom til han eismal og verje-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free