- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

174

SELD TIL DEN VONDE 174

han; det var med vond Magt at ho hadde dregi han so
altfor fast til seg.

Og daa vart alt lett aa forstaa. Han mintest dei
Augo ho hadde sett paa han hin Gongen ifjor. Der
var meir enn Manns Magt i deim, der var Galder og
Helvites Eld; og med deiin var det at ho hadde brennt
ut hans gamle Elsk til Signe og kveikt ein ny, ugudeleg
Eskhug til seg. Han hadde vori fortrolla. Han hadde
vori bergtekin. No rømde han som forskræmd fraa
alt dette; Elsken til Gunhild skapte seg um i Rædsle;
og han kjende seg hjartans glad at han var vakt i
Tidi, og at han endaa hadde Signe. Han slog Lag
med Lid-Gutane, som i seinare Tid hadde lagt seg
meir og meir um han. Og ein Kveld hadde han vaaga
seg med deim upp til Lid. Der hadde han vorti vel
fagna. Dei hadde teki mot han som ein gamall Kjenning;
og Signe hadde vori so tekkjeleg og hyggjeleg. Ikkje
ei ublid Mine; berre mild og god hadde ho vori; og
attaat so ven og snaal og faktegreid, med slik ein fin
Folkeskikk . . . han kunde ikkje forstaa at han hadde
funni Gunhild gildare enn henne. So hadde Baard
fengi 01; sterkt, godt 01; og so hadde det slutta med
at han og Signe hadde lovast, og det paa dei Skilordi,
at Bryllaupe skulde bli haldi i Vaar. Dette hadde
hendt i Gjærkveld, same Kvelden som Gunhild sat
innestengd paa Koven sin. No sat Lid-Gutane inne i
Storstogo paa Nes saman med Baard og dei gamle,
og drakk og samtala um Bryllaupe.

Men ute i Tune stod Gunhild Nielsdotter og fraus.
Det varde so forfælande lengi. Ingin kom. Ho venta
og venta; ho høyrde Stig, men det var inginting; ho
lydde og lydde; ho ynskte og bad; det var som det
blødde i henne av Sut og Lengt; nei. Ingin kom.
Ho torde ikkje tenkje at Baard hadde sviki henne; for
naar den Tanken kom, daa tok det til aa suse so
vondt i Hovude for henne . . .nei! ikkje den Tanken.
Baard var ikkje soleis. Han var god, trufast, ærleg;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free