- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
197

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

197

vart uppteki millom sterke, mjuke Armar; ho skalv og
ho grét og fann inkje Ord for seg. Men Baard sagde:
„eg visste, eg skulde finne deg ein Gong. At eg fann
deg no, det tek eg som eit godt Merke." Anna undrast
paa at dei ikkje vart helsa velkomne; skulde Gunhild
ikkje like at ho fann Son sin gift?

Dei sette seg; Gunhild midt imillom dei tvo unge.
Og ho glytte upp til deim, men torde ikkje sjaa deim
i Augo; Hjarta glødde i henne av Elsk til denne Son
sin, som ho fann forunderleg staut og ven. Det var
eit sterkt greidt Andlit med noko varmt og fust yvi
sine ungdomsmjuke Drag; han minnte um hennar Folk
meir enn um Nes-Folke. Og Anna! Noko so ljost
og fint hadde Gunhild aldri sét; for henne som gjekk
her nedkvævd av fæle Minne og rædde Tankar syntest
ho som ein Engel ifraa Himilen. Ho treiv henne til
Slutt i eit stort Tak og drog henne tett inn til seg;
det var som ho søkte Frelse hjaa henne. Baard sat
og saag paa og smilte, byrg og gild; no tottest han
vera ein Gong til so trygg paa at han aatte den beste
Gjenta paa Jordi. Og han reiste seg i si store Glede
og drog ein djup, sæl Sukk: „no skal me liva Mor!"
sa han.

Og han fortalde, halvt aalvorsamt og halvt skjemtande,
at det var Anna som hadde gjort han til Menneskje.
„Fyrr var eg ingin Mann; eg var ein Varulv. Ei
Trollkjering hadde kasta Dyreham paa meg; eg gjekk
der so vill som Varg i Skog og øydelagde alt eg saag
og meg sjølv med. Naa! no er det slutt. Den vesle
Prinsessa der hev frelst meg; og no hev eg funni Mor
mi; no hev eg alt som skal til for aa liva godt og vel;
og no tenkjer eg me skal faa det godt alle." Anna
lagde seg sæl inn til han; han smilte lystigt til Mor si.

Tvifald vondt vart det for Gunhild no. Der stod
Guten ung og sterk og glad, med Live framfor seg;
det stygge og vonde hadde han gjenomstridt, det gode
og sæle hadde han etter; no var han framfødd; no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free