- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
200

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 200

Men ho sov ikkje rolegt. Og um ein Times Tid vakna
ho med eit sterkt Skrik, flaug halvt upp og var reint
som fraa seg.

Anna kasta seg inn til henne og trøysta og bad,
grét og trøysta og bad henne vera roleg; dei var hjaa
henne baae tvo. Baard vart støkkt; tvo so fortryllte
og forskræmde Augo hadde han aldri sét, som dei Mor
hans no sette paa han. Det var det reine stirande
Vanvit. Endeleg var det daa som dei løyste seg. Dei
drog seg ihop og fekk Feste. „Er du der?" stunde ho.
„Ja Mor; ver ikkje rædd for meg," sagde Baard. Ho
strauk seg yvi Augo, riste paa Hovude, seig ned paa
Puta att og kom i svær Graat. Anna sat og strauk
henne kjælande med Handi yvi Haar og Kinn og grét
med henne. „Sov, sov; me skal vaka," bad ho.
Gunhild grét meir; det var som ho tinte under denne
Kjærleiken og under dette mjuke, varme Mæle. Ho grét
seg trøytt og sovna paa nytt; og daa fekk ho ein god
Svevn.

Ut paa Ettermiddagen sat ho uppe. Baard vilde ho
ikkje hava inne; men ho totte ho hadde godt av aa
hava Anna hjaa seg. Ho sat og klappa og strauk
henne som eit kjært Barn og vart liksom rolegare ved det.

Skulde ho segja henne si Naud? Nei nei; det
stakkars Barne, ho vilde bli vitskræmd, røme fraa henne
som fraa ei Trollkjering . . .

Men segja det til Baard orka ho ikkje heller. Han,
den sæle Ungdomen, som var so glad for han hadde
funni Mor si . . . Men segja det maatte ho. Ho sat
og braut seg’med dette so ho hugsa mest ingin annan
Ting. Presten? Segja det til Presten, og lata Presten
segja det til Baard? — Nei; uendeleg mildt og mjukt
laut,ein segja slikt. Presten kunde ikkje det; paa den
Maaten. Han kom til aa vitskræme Guten.

Ljuge? Segja noko men ikkje alt? — Ja! Det
vilde ho. Ho vilde segja at ho hadde drøymt. Drøymt
at han skulde døy; og at ho alltid hadde vori sann-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free