- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
208

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 208

so myndig Tale hadde han aldri høyrt. „Eg meinte
det ikkje so," sagde han spakt; „det var berre det,
um ei Mor kunde hava Rett . . ."

„Du skal ære Far din og Mor di!" sagde Presten;
„og ikkje hev du Lov til aa døme deira Gjerningar,
kor underlege du so kann synast dei er. I Grunnen
er du ikkje verre farin du enn me andre. Gjenom
Arvesyndi er me selde til den Vonde alle ihop. Du
negtar aa godkjenne det Mor di hev gjort? Likso
godt kunde du negte aa godkjenne at ho hev fengi og
født deg; for det gjorde ho og utan aa spyrja deg.
Agta deg, Gut, og tenk deg um! Alt det du fær i
Arv av dine Foreldre skal du taka imot som det kom
ifraa Gud, taka det som ei Guds Gaave eller ein Guds
Straffedom ; Synd, Sjukdom, Daude, alt maa du taka ; og
klagar du, so klagar du imot Gud som hev skapt deg! Kvart
Barn som vert født er født i Synd og Guds Unaade,
er Djevelens Barn og Eignalüt; og ingin kann klaga
um han vert fordømd, men maa prise Guds Visdom
og Rettferd i sjølve Helvite; for Helvite er vaar rette
Arv, og der høyrer me av Natturi heime. Men den
som vert frelst, han vert frelst av Guds ufortente
Naade, og ved eit Under som er yvi all Forstand, so
sjølve Æva ikkje vert for lang til retteleg aa takke
Gud for slik ei uforskyld Velgjerning; men den som
gjeng til Helvite maa segja: visseleg nyt eg no min
Rett og det eg hev fortent; men Guds Rettvise og
Heilagdom er utan Ende!"

Baard seig meir og meir ihop der han sat. Han
hadde aldri visst dette.

„Og du," heldt Presten fram, „maa meir enn andre
tegja og bøygje deg for Guds Rettferd, du som i all
di Tid hev livt i Synd og Ukjurskap, og rett gjort deg
fyri med aa vera Guds Vilje imot! Ver viss paa det:
daa Gud gav Mor di Magt til aa gjera denne
Gjer-ningi mot deg, daa saag han fyriaat at du vilde
verte ein ugudeleg Mann som vilde fortena verre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free