- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
239

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

UNGDOM

239

og kjende seg som ein Skarv. Han burde sputta seg
sjølv i Augo, burde han!

Paa den Maaten hadde ikkje Anne Malene det, so
vidt som han kunde skyna. Ho saag aldri ut til aa hava
vondt Samvit; saag sin Vén Carlstad likso trygt og
truskyldigt i Augo no som fyrr. Og var likso glad;
likso fornøgd; der var inkje noko i Vegen. Ho var
ikkje rædd Folkesnakke dessmeir. Det saag beint fram
ut til at ho ikkje visste av at ho gjorde noko gali.

Jens Carlstad forstod ikkje dette; han fann det
uhyg-gjelegt. At Folk gjorde Synd, det fekk so vera;
Syndarar var me no. Men gjera Synd utan vondt Samvit,
det var uforsvarlegt. So gav han seg til aa snakke
Moral for Anne Malene. Han minte henne um Bygdi;
um Bygdesnakke; kva Folk vilde segja um slik ein Ting
som at dei tvo var Venir. Anne Malene meinte ho
skulde narre baade Bygdi og Bygdesnakke; ho gjorde
som ho vilde, ho; og det som ingin visste kom ingin
ved! Med Laatt og Glede fortalde ho han kor god ho
var til aa ljuge; og kva ho hadde funni paa til aa slaa
i dei gamle so ho kunde koma her ut; og dei Lygnine
ho hadde sett i han Per fortalde ho au; for Per hadde
alt sine Mistankar! Det var ikkje so greidt aa vera
Anne Malene heller, maatte han tru.

Jens Teodor Carlstad vart ille ved. Det var
meiningslaust, dette; Gjenta hadde lært seg til aa tru at ho
kunde gjera kva ho sjølv vilde; hadde ikkje Samvit;
var som ein Villmann; visste ikkje Skilnad paa godt og
vondt. Han maatte lære henne upp. Ho maatte
forstaa og vita kva ho gjorde; maatte lære aa vera moralsk!
Han vart aalvorsam og myrk og sagde henne fleire
sanne Ting; og so kom Anne Malene i Ulag. „Tek
no du au til aa bryggje Edik," sagde ho. „Skal eg
ikkje faa Fred hjaa deg heller? Eg trudde ikkje du
hadde Hug til aa gaa og syte og vera heilag og syrgjeleg
som ei Kyrkjebok! Du var hyggjeleg fyrr, og eg lika
deg godt; du brydde deg ikkje; du var likeglad og for-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free