Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
UNGDOM
241
paa Æra si enn paa ein gamall ordottin Knapp; og han
svor paa at han aldri meir vilde gjera seg Uvénir med
Anne Malene. Næste Gongen dei møttest var han so
kjærleg at han kysste henne mest til Blods.
Men Anne Malene maatte vera snar i Kveld; „dei
held Vakt paa meg," sa ho. „Og han Per gjeng og
luskar som ein svart Katt etter ei Mus, og trur meg
ikkje um eg segjer Dægeren færi meg aldri so lengi!"
Carlstad vart bleik. „Ba—ba—bannar du?" sagde han.
„Nei," svara Anne Malene; „ikkje utan det trengst."
Dette totte Carlstad vart altfor gali. Dette maatte det
rettast paa. Han forklaara henne at skikkelege
Kvinnfolk aldri banna; at det var stygt aa banne; og simpelt
aa banne; at Anne Malene aldri burde banne; og at
ho ikkje burde ljuge heller. „Skal eg ikkje ljuge?"
spurde Anne Malene. Nei. „Ja men korleis skal eg
koma her ut til deg daa?" Tja; det —; ho fekk . . .
ho fekk finne paa Raad. „Tek du no paa med
Bøne-boki paa nytt?" spurde Anne Malene. Og so kjekla
dei, til dess Jens fekk seg ein ny ein under Øyra, og
det ein god og varm ein. Og Anne Malene sagde det
til han, at han burde sjaa aa faa seg eit Prestekall, og
ikkje gaa her og preike Gudsord for henne; for det
vart han ikkje feit av! Jens forklaara, at hans
Manns-vyrdnad ikkje var tent med at han tok imot Øyredaskar
av henne; og Enden vart: ny Uvenskap.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>