- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
245

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

UNGDOM

245

fæl ut. Han vilde berre segja Farvel, sagde han. Ho
skulde ikkje bry seg. Naar ho heldt av Carlstad, so
fekk ho gifte seg med han; men Per var ikkje Kar til
aa sjaa paa det. Han vilde berre beda henne ikkje
hava noko imot han. Og so Farvel, og Takk ... for
alt. Han kasta seg i Marki og grét. Der laag det
lange Mannfolke og tuta som han vilde graate ut
Sjæli si. Anne Malene vart kløkt, og rædd attpaa;
og so vart daa med det Reipe Kjærleiks-Bande knytt
imillom deim paa nytt. Men paa Bryllaupsdagen var
det Anne Malene som tuta.

Ho hadde ikkje tenkt yvi mange Ting i sine Dagar,
Anne Malene; men det visste ho no, at hadde ho fengi
Carlstad istadenfor Per, so hadde ho lætt og ikkje
graad. Men Presten tala fagert um Abraham og Sara.
Og deretter tilspurde han den ærlege Ungkar Per
Tjerandsen Vigmoen, um han vilde have den ærlege
Jomfru Anne Malene, som her stod, til si Ægtekone;
og det vilde Per Tjerandsen. Framleies tilspurde han den
ærlege Jomfru Anne Malene, um ho vilde hava denne
ærlege Ungkar Per som her stod til sin Ægte-Husbond;
og det sagde Anne Malene at ho vilde.

So var det avgjort.

— Ho hadde nok gjort det ho kunde til aa faa
Bryl-laupe uppsett. Men Per var umogeleg; og dei gamle
heldt med honom. „Kva er det for Tøv?" sa gamle
Mattis; „trur du du vinn noko med aa gaa her og
flokse som du gjer med den svoltne Skogmannen?
Høh! Han kom her aa snakka um Arrendering, han;
men det var nok anna Slag Arrendering han tenkte
paa!" So gav Anne Malene etter. Skogmannen kunde
nok ikkje hjelpe henne. Og no, som sagt, var det avgjort.

Eit halvt Aar etter hadde dei Barnedaap. Det var vel
snart; men slikt hender. Og Anne Malene brydde seg
ikkje um det; Bygdesnakk beit ikkje paa henne. Ho
tok det for lett.

Det vart avgjort at Veslegut skulde heite Tønnes;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free