- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
318

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

318

I HEIDANE

Haaland, blinka han listigt med Auga sitt; kunde tru
det, ja. Men det han vilde vita var —; han vilde so
gjerne vita köss det var med Smalaprisane burt paa
Stavangerkanten.

Daa eg ikkje hadde Greide paa Smalaprisar blinka
han og lo; „du er lur, du! he—he. Aa den Jærbuen;
han er udkröbin." Men honom turvte eg ikkje vera
rædd. Me var skikkelege og truskyldige her i Sirdalen;
berre Bendar som sleit og slæpa og livde av Graut og
Mjølk og skyna oss ikkje det Slag paa Handel, ikkje
meir enn det som aldri var til. Men Smalaprisane var
høge i Aar –

„Kannhende Folk stend seg godt her i Dalen," sagde
eg, til aa faa han inn paa noko anna. Han glytte vårt
paa meg. Aa—ja. Det var Slit og Slæp og Graut og
Mjølk, som sagt var; men naar ein klara seg, so fekk
ein ikkje klaga. Og naar ein hadde Helsa og
Arbeidshugen, so klara ein seg ei god Stund; for Arbeid traut
det aldri her. Nei sant! Men koss det skulde gaa
med den Ungdomen som no voks til, og som meir og
meir misste Arbeidshugen, det skyna ikkje han, naar
han skulde segja si Meining. Det var alt stor Skilnad
aa sjaa. Dei som tok det paa den gamle Maaten, og
arbeidde med Hug, og stellte og stræva tidleg og seint,
og passa paa, og heldt alt i Stand, og sette si Løn i
det og ikkje i Kaffi og Finbrød, — daa kom Vinningi
liksom attpaa, og som ei Gudsens Signing; og dei heldt
seg uppe i det lengste, endaa so fort som Skattane
voks. „Men alle desse no for Tidi, som berre slit for
Vinningi og bannar Arbeide, kva skal der verte av
sovori. Det veks ikkje etter Arbeid som med Uhug
er gjort. Nei sant! Og so fær dei kje Vinningi heller.
Og um det raakar til med eit godt Aar eller tvo, so
gjeng det snarare enn det kjem, til Brennevin og Stas
og alt det som dei daa skal søkje sin Hugnad i, naar
dei ikkje hev Hugnad i Arbeide."

„Nei!" sette han i, han var komin i eit heilt Egse;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0326.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free