- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
362

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

362

KVÆDE

Men no? Kvar er no den Skaparhiig sterk?

Kvar er no Skaldskap og Kunstnarverk?

Han gløymde det alt. Han gav det Fanden;

selde alt seljande til Engelskmannen.

No kann ein leite gjenom Flokk og Fylgje ;

ein finn knapt so mykje som ei skikkeleg Sylgje.

Og gløymde er Segnine og Stevi dei glade;

no sit han og studderar Poletik i Blade.

Og Maale hans som leika paa lette Fot?

No høyrer me lite anna enn Knot.

Gamlefar snikra baade Stol og Seng;

Sonen heng ned-paa Bui og sleng.

Gamlefar rudde seg Gard og Grunn;

Sonen stend paa Folkemøte, brukar sin Munn.

Gamla stellte Huse og mjølka Ku i Eng;

Dott’ri ved Pianoe stavar Chopin.

Gamla laut vera baade ute og inne;

den unge skriv i Bladi og er Kvinnesakskvinne.

Den norske Heimen, — aa hu, for Syn!

Alt som der finst er laant ifraa Byn.

Den norske Heimen hev misst sin Daam;

alt som der finst er Landhandlar-Kraam.

Den norske Heim som i Skogen blenkte

er øydd og snøydd meir enn nokon tenkte!

— Svara paa dette er visst ikkje greidt.
Men eg skal segja det vesle eg veit.
Dølen, Stakkar, er ein truskyldig Mann;
tek etter og lærer so godt han kann.
Lærer av deim som han tenkjer maa
betre vita og betre forstaa,
deim som skulde liksom dei likaste vera.
Og seg meg, kva skulde han elles gjera?

No i det siste sin Lærdoms Drykk
hev han teki, mine snildaste Byfolk, av Dykk.
So gjeng det og sleng det som sjaa me kann;
for Dølen, han e r ein truskyldig Mann.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0370.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free