- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
365

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

365

Ho viser deg blaae forlokkande Borgir;
der gløymer du ditt Kantor og alle dine Sorgir.
Er du trøytt av Gate-Lort og Krambu-Kultur,
ho kveikjer deg med Lokk og med Lange-Lur.
Glad ho deg spelar og frisk deg kved,
um du var so leid du vilde søkkje deg ned.
Ja um du var daud vert du kvik og kvater
av Leiken paa vaart lystige Bygdemaalsteater.

Og kanskje vert det meir enn berre til Gaman?
Enn um By og Fjell vann seg. nærare saman? —
Eg trur det var kje verst um det høvde og hende,
at Bymann og Bonde vart betre kjende.

Magt.

Av lovlaus Magt mot svorin Rett
i Aust ein Dom er sagd.
Med Finlands Lov den finske Ætt
er under Valdshand lagd.
Si Liding bar med hugsterkt Tol
Suomi, den bleike Møy;
no skal med Finlands fagre Maal
Suomi, Suomi døy.

Av staalklædd Magt mot Eid og Ord
i Sud ein Dom er dømd.
Framande trampar Danmarks Jord
og reknar seg det til Sømd.
Alt Folke kved av Hug og Saal
Songar um Sælands Øy;
no skal med Danmarks fagre Maal
Danmark i Slesvig døy.

Av Framandmagt mot Vit og Von
i Nord er Rangvisa sett:
heimlaus i Hus gjeng Husens Son,
og andre nyt hans Rett.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0373.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free