Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KVÆDE
369
Daa seig Profeten aat Marki
bleik som Fal.
Og han reiste seg og rømde til Skogs,
og kasta seg paa Jordi
og ropa til Herren og skreik;
og Ordi hans var vonlause og ville:
Skunda deg, Herre, og slaa meg ihel!
Eg vil døy! Fara til Helheimen,
der det ikkje er Tanke
og ikkje Minne;
høyr mitt Rop, Herre,
or Myrke-Djuvi!
Eg kovnar;
Berg tyngjer min Barm;
Natt sveiper seg um Augo mine,
og der er ingi Stjerne og inkje Dagbllk;
alle Ljos sloknar paa ein Himil
som brultar av dine Domar som av Torebrak.
Alt livande skjelv
og søkjer Gøymsle;
og eg, din Tenar,
ligg paa Jordi for di Aasyn,
og mine Bein visnar i meg.
For Stundi er komi,
den Rædslestund,
daa du støyter fraa deg Folke ditt
og søkkjer Lande i Have.
For jamvel dei rettferdige feil ifraa;
og dine eigne Tenarar vert ureine;
eg sjølv er urein;
og alt mitt Hus er ureint;
skunda deg, Herre,
slaa meg ihel!
24 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>