- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
372

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

372

KVÆDE

naar Vinden gjeng ved Soleglads Bil,
skal kviskre ditt Namn,
og di Sorg,

at du maatte sjaa ditt Folk døy
og kjenne dine Upphavsrøtar visne.

Paa hi Sida.

Eg spurde ein gamall Mann:
kva hev du lært av Live?

Han saag paa meg med Augnekast
som kom liksom langt burtantil;
og han sagde:

vil du høyre paa meg so høyr;

og tenk etter mine Ord naar du kjem so langt!

Eg var ung og visste alt.
Og eg spara meg ikkje;
eg sagde det eg visste og noko til,
og undrast paa,

at mine sterke Ord ikkje snudde Verdi.

Dei gamle høyrde eg ikkje paa;

deim hadde eg vondt av.

Og naar dei tala um Live

lo eg og blunka til mine jamaldrande:

kva veit dei gamle um Live

som hev gløymt det?

— Men eg vart eldre og laut i Skule.
1 den Skulen som ein maa gange
naar ein trur at ein veit alt.
Læraren heiter 111 Røynd,
og Lærestundine heiter Vonbrot.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0380.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free