- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Haugtussa ; I Helheim /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ho er ikkje her,
ho er ikkje der;
ho veit ikkje kvar
ho er og fer.

Det er ikkje Hav,
det er ikkje Jord;
no glid dei og sig dei
ned og nord.

Det er ikkje Luft,
det er ikkje Eim;
no søkk dei og sig
til Naae-Heim.

Sjoging syd,
døyvd, stor,
som Vatn siler
stilt gjenom Jord;
«d’er Blod-Bekkir»
— Systeri talar —,
«Blodflaumar,
som so skvalar;
heim dei søkjer,
djupt under Grunn,
til den fælslege
Naastrand-Brunn,
søkjer heim
djupt under Grav,
til det fælslege
Naastrand-Hav,
som svart i Nivlheim
fløymer,

der Draken dukkar
og drøymer.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1944/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free