- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
122

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

nye Boki mi; og det gjer han baade godt og grundigt.
Men her kjem eg sant aa segja inn paa Udygdine hans,
og dei vil eg ikkje tala um i Dag; i Morgo eller sidan
ein Gong skal eg fortelja deg um deim; i Dag er han
Høgtidsbarn.

— No skal ho Hulda reide upp Vogni hans —, han
brukar Barnevogni si til Vogge —; „no Tuften gaa til
Papa!" — „Ba—ba–ba—ba" . . .

Nokre Dagar seinare.

Du trur vel ikkje eg duger til Barnfostre, du. Du
undrast paa at me ikkje fær oss fat paa ei Gjente til
det Arbeide.

Aa, me hev freista med det au. Der er ei lang
Sogu um det; og den kann eg gjerne fortelja.

— Me budde paa Tynnset, veit du, i den Tidi me
venta Smaatt, — hjaa han Per Østigard paa
Heimatæ-Sida.

Der hadde me eit Hus for oss sjølve, Stogu, Kjøk
og eit stort Loft; ho Hulda gjekk i Kjøken og stelte
Mat, og eg sat paa Lofte og skreiv ferdug
Uforsonlige.

Ho Hulda vart veikare og veikare; og so tok me
til aa høyre oss um etter Gjente daa. Men i den store
breide Tynnsetbygdi var der ikkje Gjente aa finne.

Tynnsetgjentune held seg for gode til aa tena. Vert
Armodi so stor at dei ikkje kann gaa heime ienger,
so fer dei til Amerika cg tek seg Tenest der. Det
er gildare det, liksom. Vil ein hava Tenestgjente i
Tynnset, so maa ein til Tyldalen eller til
Gudbrandsdalen, eller heilt til Sverig.

Jau; so høvde det seg so at me sistpaa fekk
Spurlag paa ei Gjente. Ho skulde vera noko uppi Aari,
og lika kje lenger det tunge Slite paa ein Bondegård;
ein lettvinn, roleg Plass som den hjaa oss kunde nettupp

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free