- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
150

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

Nei; so tok det til i endaa ei Tonn; Fanden spare!
Snart var heile Hovude i Brand og som ein einaste
Verk; og eg trur ho leid meir vondt end alle
Martyrane i Kyrkjesogo.

Me fekk Strømseng upp til oss ein Dag; han laut
freiste ein Gong til. Ja; den eine av Tennane fekk
han. Daa han skulde til med den andre kjende ho
seg for veik. Ho torde ikkje. Det fekk heller vera.

So tok det til aa verkje i heile Tandgarden. No
vart det raadlaust reint. Bera eller breste; — me
maatte til Tynnset.

Dette vart ikkje nett nokon Morotur, veit du. Yvi
Sjøen kom me; men i Osen var der ikkje Hest aa faa.
Det var daa aa gaa til næste Sætergrend. Ja. Ho
Hulda forklaara meg kva eg maatte gjera, dersom ho
skulde koma til aa uvita for meg nedi Skogen; so
stabba me i Veg.

Me gjekk tie Stig um Gongen; so kvilte me. Eg
greidde ut for henne, at kunde me ikkje faa
Hest i næste Sætergrend heller, so fekk ho leggje seg
til der med Tannverken sin; og eg fekk gaa aat Bygdi.
.,Eg klarar det ikkje," sa ho. „Der er ingi Raad med
det," trøysta eg henne. So gjekk me att; og so kvilte
me. Me brüka ein Time paa den Kilometeren.

Men me naadde fram.

Ingin Hest. Ho fekk ei Seng og lagde seg; laag
so der og halvørska. Eg torde korkje gaa eller vera.

So kjem av eit Slumpehøve han Jens Stortrøen
ruslande med Kjerre og Hest. Han var hjelpesam mot
oss; me skulde faa laane Køyregreida hans; men
fyrst maatte han uppi si Sæter. Ja-ja; i Guds Namn
. . . Der laag me daa og venta og venta. Eine
Timen gjekk og den andre kom; no kunde det snart
ikkje vera Tanke um aa naa Toge.

Sistpaa kom Jens. Kjerra hans var ikkje fin;
Sæte eller slikt fanst ikkje; men me fekk endaa vera
glade. Og so laga Sæterfolke ein Høysekk i Stand som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free