- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
176

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

KNU DAH EI BREV

mykje at ei Mor kann bli uroleg. Og med Håpte sitt
kann ikkje ho fylgje deim. Livsvilkaari vert hardare
og hardare i denne matvise Tid, alt upp-i Fjelli og alt
ned-til Smalen.

Men sjaa der! Der flyg tvo Endar. Dei er frie
enno.

Ja for her er Fugl paa Jæren. Ikkje som fyrr; men
her er daa Fugl. Der austpaa, der alt er so mykje
meir framkomi, hev dei vel snart berre Kraaka att
no; paa Jæren ligg me meir i Atterhand. Ei And,
eller Aand som me her segjer, kann ein stundom sjaa;
og ei Gaas eller tvo med, so paa ein Tamperdag.
Hegre, Efugl, Lom og ymis annan langfarande Fugl
er til enno. Maakje er her nok av. Ryssagauken
hev eg høyrt upp-i Skyine med sin hole
Kneggje-Laatt stundom. Viba er her ikkje lite av; ho er braa
og kvass som fyrr; ei streng Riddarfruve med si Fjør
i Luva. Heluna (Heilöi) høyrer ein pipe enno paa ei
Lyngtuve her og der. Ein og annan graabrun,
smaa-farande Heifugl og Myrfugl kann ein i det heile raake
paa, um det no ikkje er ofte. Süme Smaafuglar er au
att: Lerka som stigande tirlar og syng, og Staren
som skjemtar og skravlar. Men Jæren er i Framgang
den med. Engelskmennar og By-Dagdrivarar hev tynt
ned den meste Fuglen; og Kraaka stel Egg og ét
Fugleungar alt det ho vinn. Folk jamrar stundom.
Men dei gjer ikkje meir. Kva skulde dei gjera?
Gjeng dei til Stortinge fær dei ei Lov meir, eller
nokre nye Embættsmennar. Skriv dei i Bladi, —
naa; det kann vel vera som ei Hjarteletting stundom.

Glad er Kraaka. Ho røvar og stel og priser
Nord-mennane og Stortinge av Hjartans Grunn; hurra,
hurra, hurra, segjer Kraaka. Og ho liver godt. Ho
vert feit og stor, og økslar seg og vert mangfeld paa
Jordi. Kraaka er det einaste Fugleslage som er i
Framgang no; og stygg og stor-étande og praktisk som
ho er høver ho utifraa til denne Tjuve- og Spekulant-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free