- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
195

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

195

Stavanger paa Resten, og drøymde um det som gildare
var: Christiania. Med Ch. Sjaa Christiania og døy,
knurra det i meg, um eg aldri so lite trudde at eg
skulde faa sjaa Kristiania. No hev eg sétt det. Men
eg døydde ikkje. Vart berre etterkvart meir leid av
Kristiania enn eg nokon Gong hadde vori av Stavanger.
So no kunde det høve seg rett godt aa sjaa
Stavanger att.

Byen hev grunnlagt seg sjølv, veit du.

Paa Olav Kyrre si Tid var han kornin so langt at
han vert nemnd; og Sigurd Jorsalfar gjorde han til
Bispestol og bygde Domkyrkja. I Dansketidi bar det
ned-yvi med Stavanger som med alt; etter ei
Folketeljing 1664 skal Byen daa ha havt berre 373 Borgarar.
Denne Nedgangen vart sidan nytta til Bate for
Kri-stianssand, det daudfødde Barne hans Kristian IV; baade
Bisp og Stiftamtmann og Latinskule vart flutte dit; og
noko etter vart sjølve „Stavangers Kjøbstadsprivilegier"
„allernaadigst ophævede"; fraa 1686 av skulde den
fyrre Bispestaden vera „Ladested".

Dette siste viste seg snart aa vera so oldenborgaruklokt,
at det 4 Aar etter allernaadigst vart gjort um att; men
knappe Vilkaar var det Stavanger fekk no. Og
Ar-modi vaks. Fiskje minka av, og daa like eins
Handelen; nye Næringsvegar kom ikkje upp; men Brand
etter Brand herja den vesle Trebyen. I 1711 hadde
han i alt 184 Mann som svara Skatt; og Folketale
heldt paa med aa minke.

Sidan hev alt skift; Stavanger er heiltupp ein Storby
no mot det han daa var. Det er ikkje Fiskje som hev
komi seg upp att; men Sjøferd og Handel og i seinare
Aar Verksdrift hev arbeidt seg fram; og no er
Jønn-vegen komin attaat; berre sidan mi Tid hev Byen
vaksi so, at eg mange Stadir ikkje kjenner meg att
lenger.

Det eg fyrst tenkte paa var Breiavatne og
Domkyrkja. Og tenk, dei var til baae tvo. Breiavatne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free