- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
252

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

252

KNUDAHEIBREV

Fleire og fleire var det i dei Tidine som tok til aa
tenkje paa „Sjæli" si. Herren kunde koma
naarsomhelst; og daa vilde det vera vondt um me ikkje var
budde. All Stad var det Preikarar aa høyre, süme av
Hauge-Slage — desse fekk etterkvart tala heime hjaa
oss med -—, andre, serleg By-Handverkarar og slikt,
med serskilde Smaabrigde i Trui eller i Talemaaten.
Eg kom til aa høyre ymist av dette; men di meir eg
høyrde, di mindre brydde eg meg um det. Kannhende
var det i desse Tidir eg fekk den fyrste Tanken um
at ikkje alt er Sanning som gjev seg ut for det, og at
Vaarherre knapt kann vera andsvarleg for alt som
kallar seg Gudsord. Ser-Lag sanka seg ihop um eitt
og anna Smaa-Tull rett som det var: ein som eg i
„Fred" hev kalla Søren Soma fekk med
Domedags-draumar og ymis Ørsking skræmt ihop ei heil liti Sekt;
gudeleg Rædsle og Halvørske vakna baade her og der;
Halvprofetar og Halvgalningar kapp-preika; Folk vart
halvsjuke og heil-øre, misste Vite og drap seg; det var
ei syrgjeleg Tid. Hjelp var ikkje aa faa; Prestane stod
framande i eit framandt Folk og kunde inginting gjera.

Folke leid vondt; det var fleire enn han Far eg saag
det paa. Eg hugsar ein Bonde her or Sokni; han var
endaa skyld med oss paa Morsida. Det var ein drivande
Mann, og han arbeidde seg upp; Hovude hans var godt
til sitt Bruk, men kunde mindre med det boklege. So
vart Kona hans vakt. Og Huse dreiv fullt med
Lesar-prestar. Dette varde i eit Par Aar; so døydde Kona.
Det var daa, han Abram kom i „ Anfektelsar". Eg
kom til aa sjaa ’n ein Gong i den Tidi, og eg gløymer
det aldri. Det var ho Mormor som var ute og ferdest,
°g e§ fylgde henne med Øyk; so raakar me ’n Abram.
Han kom farande som han sprang for Live, skrinn og
svart, yvigrodd med Skjeggebust, skræmd og stygg i
Augo, reint som han ikkje var klok; daa han saag
kven me var, stana han og tok med ein Gong til aa
klaga seg for Sjæli si. Han hadde kje Fred korkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free