- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
281

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

281

hjaa ’n, den Tvilen som meir og meir tok Mode hans,
og sistpaa Live.

Eg som serskilt var hans Framvon, og som han daa
hadde lagt seg serskilt um aa fostre „i Tukt og
Herrens Formaning", kom lengst burt, baade fraa honom
og Arbeide hans. Eg aatte kje Tanke for anna enn
Bøkar og Skular; det som han lagde si Magt paa: aa
dyrke Garden og byggje Heimen, det saag eg ikkje;
det var liksom noko som ikkje kom meg ved.

Dette heldt paa, og vart meir og meir audsynt. Og
mindre og mindre skyna han det. Det var for honom
so urimelegt, so mot Natturi, at skulde det vera anna
enn Barnesjuke, so maatte det vera noko serskilt, ei
Guds Refsing for eitkvart gali han hadde gjort. Han
kom daa inn paa tunge Tankar; og meir og meir hev
den Rædsla fengi Magt: at Gud gjenom Borni hans, og
serskilt gjenom meg, vilde døme honom og alt hans
Livs Arbeid.

So kom Vonbrote. Utan Naade vart det ’n sagt:
Sonen vilde fraa Heimen; Ervingen vraka Arven. Han
vilde vera Tenar hjaa framande i Staden for Herre
heime. Ikkje berre Tenar for ei Stund, til aa sleppe
ei verre Teneste; han vilde vera Tenar all Tid.

Det var ho Mor som hadde loti gange imillom og
segja han dette. Segja at han Aadne vilde paa
Seminarie. Det for so mange dit no, maa tru, baade
Gard-Ervingar og andre; og han Aadne hadde no
alltid havt denne Hügen til Boki . . .

Han Far hev ikkje kunna vinne seg yvi til aa tru
dette. Han svara kje noko større; hev vel lite visst
kva som var aa gjera. Han skulde tenkje paa det,
sagde han.

Ein Dag var me i Løo, han og eg, og stellte med
noko Arbeid. Daa tala han til meg. Um Framtidi
mi. Men stilt. Underleg stilt. Han hev vori rædd.

audsynt: lett aa sjaa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0289.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free