- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mann. Eg vart tryggare og tryggare di lenger det leid.
Og dette andre, det som ikkje var som det skulde vera,
naar det kom til Stykke galdt det vel i det høgste ei
Togskiftning.

— Ja visst; det var det eg kunde tenkje. I
Rotterdam, trur eg det var, kom Konduktøren og ropa meg
ut; styrde meg so inn paa eit anna Tog; dermed tenkte
eg Bikkja var berga.

Me køyrde og køyrde; Lande var trillende flatt; süme
Tider var det visst berre klaare Vatne. Men Natti var
myrk; eg kunde so lite skilja.

Klokka kunde vera halv eitt. So stanar Toge. Alle
Mann ut. «Layde!» skreik Konduktøren. «Laye?» tenkte
eg og vart rædd att. Fekk Tye med meg og kom ut.
Der raakar eg Stasjonsmeistaren. «Amsterdam?» sagde
eg. «Nei, Leiden,» sagde han. Aah, Leiden... «Gjeng
ikkje dette Toge til Amsterdam?» spurde eg. «Nei; det
gjeng ikkje lenger.»

No forstod eg alt. Aa dei Utangane der burti
Antwerpen !

Men eg fekk vera der eg var. Og Stasjonsmeistaren
var ein grei Kar; han gav meg ein Mann med til aa
berge meg i Hus. Klokka var burtimot eitt; heile Leiden
sov. Lengi, lengi vanka me ikring, yvi Bruir og
frametter Kanalar; ringde paa og ringde paa, men fekk ingin
upp; høyrde paa Klokkespele i Kyrkjetörni; raaka
endeleg ein Vektar som kunde rettleide oss; fann til siste
Slutt eit Hotel der Folk var uppe. Tvo digre Leidensarar
sat enno med Toddyen sin ved eit Bord utanfor Døri
og drakk. Der fekk eg Hus. Og der sov eg som eg
skulde vori heime.

Dei som trur at eg aldri kann koma upp um
Morgonen mistek seg; Klokka halv seks var eg paa Føtane.
Og Klokka burtimot sju gjekk Toge, med meg umbord.

19

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free