- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som kunde finne paa eit godt Namn aat Sætri hans. Daa
sa gamle Ola Svarthugu, at han meinte Sætri kunde
heite Nordpolen. Det lika han Ivar ikkje. Men me andre
lo; og eg er stygt rædd for at Stogo hans Ivar vert
heitande Nordpolen etter denne Dag. Dermed vert han
sjølv heitande Ivar Nordpolen, eller paa Østerdalsk med
Dativ: Ivar Nordpola. Men det skal du ikkje segja til
honom, naar du vil vera hans Vén. Han vil nok heite
det som gildare er, han; gjeng han kje her og lurer
paa aa kalle seg upp etter sjølve Savalen: «Ivar Savala»
(Savalen i Dativ)! — Det vøre Namn det for ein
teologisk Kandidat!

Men no kann han faa heite «han Nordpols-Ivar» no;
det kann vera til Høves aat honom som hev sett dette
stygge Kolbotn-Namne paa Garviksætri. For eg ser at
det nyttar kje kva eg segjer: Stogo mi vert heitande
Kolbotnen, den. Og lat ho det.

Namne skjemmer ingin.

*



Det er fleire Kristianiafolk enn det plar vera her uppe
i Aar. Burti Straalsjøaasen, paa Gala, hjaa Gardsen,
er der eit heilt Bøie av deim; tri Kvinnfolk og so ’n
Halvor; og deim kann eg ikkje skræme med reint Flagg
dessmeir; for dei er raude som Hin-Karen eller som eg
sjølv. Dei fleste av deim daa. Den verste er ho Hulda,
trur eg. Men ho skal til Amerika til Hausten ho, som
rimelegt er; dei plar ende der, desse radikale.

So leikar me «Byfolk paa Lande» her uppe; held
smaae Danselag, eller sit i Kolbotnen halve Nætane og
spelar Whist og drikk Kaffitoddy. Men stundom bér det
til Fjells. Med Kaffikjelen og ein Nistepose legg me paa
Viddi den ljose Sumarnatt; gjer so upp Eld under ein

Gardsen, V a n g s e n o. s. fr.: Mannen paa Garden,
Vangen.

46

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free