- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
120

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sprikje med’n; me skriv vaare Namn paa simpel
borgarleg Maate og klarar oss godt med det1. Men Heimar
vil me hava likevel; og no tykkjest eg for min Part
vera komin eit lite Stig paa Heimveg.

Femte Breve.

November.

— Mangt og mykje er umskift i Kolbotnen dette
Aare.

Sjapa er daud. Fred vere med ho. Ho fekk
Kvalpe-sjuken, stakkar; gjekk her og drog seg i lange Tidir og
kunde korkje eta eller leike, ikkje gjera Ugagn
dessmeir; dette vart det for vondt aa sjaa paa; me
miskunna oss og sende ho burt-i Straalsjøaasen, der
Gard-sen lét ho døy for Byrsa si.

Sæle er Dyri som fær døy for Bly og Kniv! Me maa
talmast ihel me, Klokingane me er, av Magaverk eller
Halsesjuke.

Og no er Sjapa gløymd; Tuften hev teki det Rome
som ho hadde. Som skrivi stend: ingin er umissande.

Den gamle Kolbrennarkoja er au burte. Skuldi for det
hev Tuften. Daa me forstod at han vilde koma, og at
Gamlestogo daa attaat alt anna vilde bli
Barnekammers, saag me oss ingi onnor Raad enn aa byggje ei
Stogu til. Og skulde me faa Rom aat den paa vaar
tronge Tuft, laut me rive Koja.

Ja det var og ei Sorg! — Men endaa større Sorg vart
det med aa faa i Stand Nystogo.

1 No, daa det meir og meir vert Pengemagti som eig
Jordi, sit Bonden likso utrygg paa Garden sin som
Bymannen i si «Leiebekvemmelighed»; so no er det lite Grunn til
aa drøyme um «Adelskap». (Merknad 1909.)

120

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free