- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
242

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart Köna hans vakt. Og Huse dreiv fullt med
Lesar-prestar. Dette varde eit Par Aar; so døydde Köna. Det
var daa, han Abram kom i «Anfektelsar». Eg kom til
aa sjaa ’n ein Gong i den Tidi, og eg gløymer det aldri.
Det var ho Mormor som var ute og ferdest, og eg fylgde
henne med Øyk; so raakar me ’n Abram. Han kom
farande som han sprang for Live, skrinn og svart,
yvi-grodd med Skjeggebust, skræmd og stygg i Augo, reint
som han ikkje var klok; daa han saag kven me var,
stana han og tok med ein Gong til aa klaga seg for Sjæli
si. Han hadde kje Fred korkje Natt eller Dag, jamra
han; ho Jorina, Köna hans, var i Himilen no, det visste
han; men sjølv kom han ikkje til Himilen; han kunde
ikkje faa det so godt for seg som ho Jorina hadde havt
det. Han kunde kje faa Fred med Gud! Eg stirde paa
den forskræmde Stakkaren som fyrr hadde vori so roleg
og stød; og det var som eg kjende Svaavel-Lukt.

Ho Mormor tala godslegt med han Abram. Han skulde
ikkje tru vondt um Vaarherre. Vaarherre kjende oss og
visste köss det var med oss; og han var ikkje
urimeleg. «Du skal gjera det beste du kann, Abram, og ikkje
bry deg det Slag; han vil oss nok inkje anna enn det
som godt er,» sagde ho Mormor.

Han Abram svara ikkje større; hasta i Veg burt-yvi
Bakkane som ein skræmd Hare. Sidan tenkte eg paa,
at ho Mormor visst ikkje hadde lært ’n rett Kristindom;
Vaarherre var knapt so greid aa koma til Rettes med
som ho hadde sagt. Men eg ynskte so smaatt at ho
maatte hava Rett likevel. Og daa ho sidan døydde, og
der ikkje var anna enn godt aa hoyre fraa Sottesengi
hennar, tenkte eg med meg at kven veit: kannhende var
Vaarherre rimelegare enn Folk trudde.

Men det torde eg ikkje lite paa.

*



242

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free