- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
247

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bøkane rørde um var noko Tull. Dar var ingin slik
gamall Sinnatagg til Vaarherre som sat og lurde paa um
han kunde faa kaste oss i Helvite.

Eg minnest so vel baade kvar eg var og korleis Verdi
saag meg ut, daa eg ein skysprengd, solblinkande
Vaar-dag gjekk og sagde meg dette. Eg veit kje kvar eg
hadde Tankane fraa eller korleis eg kom paa deim; men
dei var klaare og trygge. Dei letta og gav Ro; der var
korkje Sinne eller Uppreist i deim. Som ei frisk, roleg
Morgonstund stend dette for meg. Alle gamle Gaatur
og Rædslur var avlyfte, burt-tekne; eg var fri; løyst.
Og Verdi var fager: Aaker og Eng og Mark og Sjø, og
ingin Audheim der Devlar dansa. Liva skulde me her,
og byggje Jordi og vera glade; ikkje liggje og fumle og
tumle med Devlar og Gravrædsle.

Det hev vel vori eit Huglag, ei Vakning av ungt Mod.
Men det kann og ha havt Samanheng med, at eg daa var
komin i Skulen att, og hadde fengi ein Lærar der, som
eg kunde tala med. Denne Læraren var ein Kjenning;
me hadde jamvel gjengi saman i Skule fyrr; han var
klok men ikkje framand, upplærd til Skulemeistar men
ikkje Seminarist; og han hadde Tankar som var
for-vaaglegt nye for meg nett av di dei ikkje var framande.
Han tenkte heimslegt! Var Skulemeistar, og tala paa
Skulen skulemeistarfint; men han tenkte som me, og
tala som me, naar han sjølv og ikkje Skulemeistaren
tala. Han samrødde med meg, og me vart kjende att.
Det var kje so mykje «nytt» han lærde meg; men han
lærde meg aa sjaa det gamle so det vart nytt; og
smaatt um Senn tok eg til aa skyna at eg livde i Norig
og ikkje i Galilæa. Fraa den Tid er det som eg vaknar
og tek til aa arbeide meg ut or Haugen min; og
Ung-domsframhügen livnar, so eg vel stundom kunde bli vel
modig, veit eg.

247

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0249.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free