- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
282

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og rar kvit Stein, og stundom Ber, og drøymde lange
Eventyr um Dvergar og Troll, eller um Kjempur og
Kongar som eg fann liksom avteikna paa ein fin
Bergvegg burtimot Sikvalandskulo; det Berge vart
«Riddar-borgi». Dei stod tydeleg der, desse Herremennane, og
ei byrg Dros med, i store fagre Salar burt-etter
Bergsida; og di meir eg saag paa deim, di skillegare vart dei.

Nakne, avslipte, sundsprengde stend Fjelli her, um
ikkje so reint ned-filte som Bergbråti sud-paa
Ogna-Kanten; Skortune er klædde med Mose og fint
Fjellgras eller Lyng. Eit Par Smaabjørkir eller ei Raunkrøkle
kann ein stundom sjaa upp-under ei Ufs der Smalen
ikkje naar til; elles er der allstad naki, no kannhende
vel so naki som i mine Gjætar-Aar.

Men det er som eg kunde ha gjengi her og gjætt
alltid. Og rett som det er gaar eg, at eg stig so vårt, plent
som eg var rædd eg kunde vekkje eitkvart. Ja at eg
jamvel dreg Anden stilt. Eg smiler med meg sjølv.
Andar sterkt ut; trampar med faste Stig; me er daa kje
rædde Trolli no lenger! — Eit lite Bil etter gjeng eg vårt
og stilt som fyrr. Naah! Gamall Vane er vand aa vende.

Soli fær Magt. Eg gjeng og lyder og lyder. Ikkje heilt
roleg; ikkje fullt trygg. Hu, denne Stilla. Dreg det upp,
tru? Tøv. Klaart og fint all Stad. Labbe paa, Farr! Men
stilt stig eg paa Steinane; og eg lær ikkje aat meg
lenger. Herre Gud. Naar alt kjem ihop, so hev me kje
mykje aa læ aat.

Ugreid er Vegen; eg hev vel fari villt. Upp ber det
i Bergskortur og ned-att i Myrsig; stundom ser eg yvi
Tungenese til Havs; stundom er eg reint innestengd.
Myr og Tjørn og Steinhausar kvar eg snur meg. D’er
kje alltid lett aa finne gamle Vegar att. Endeleg. Lov
og Pris. Der er Snörest-Kulo. Med den store svarte

Dros: Dame. — skilleg: tydeleg.

282

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free