- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
328

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde bli Smed av aa høyre Fyrilesningar inn
Smedkunst og dertil stundom sjaa paa Smed-Arbeid. Men alt
maa hava si Tid. Det vert med Kvendi som det meir og
meir vert med oss Karar: upp-att, upp-att, upp-att maa
me lære alt det som me hev meint at me kunde
halvsova oss til i nokre Skule timar. I det heile: naar me
hev gjort Narr av Fedrane og Mødrane vaare lengi nok,
so er Enden paa Visa den, at me lyt smaameinke oss til
aa gange i Skule hjaa Fedrar og Mødrar att, og lære av
deim nettupp det som var det vigtigaste.

Me skal ikkje misse Mode. Uhugen til Arbeid er ein
gamall norsk Sjukdom; vil me no helst sitja paa ein
Skulebenk, so var det fyrr Vikingferdir som var det
gildaste. Og daa me ikkje lenger kunde klara oss med det,
tok me til med Skreppehandel og Land-Reking; alt
Magnus Lagabøtar laut gjeva Lovir mot slikt. Serleg me
Bøndar hev so lengi høyrt, at Arbeide, og helst
Jordarbeide, er ei Syndestraff, at no trur me det, og takkar
av Hjarta Riksmagtine som hjelper oss burt fraa dette
Straffarbeide og inn paa Krambu so godt dei kann og
orkar.

Men me fær tru paa Livslovine. Dei er strenge dei,
og lét seg ikkje lengi fante med; og likevel er dei
helsesame i Grunnen. Og naar alt kjem ihop, so kann
Folke deim, og hugsar deim med, naar Tidine krev det.
Lat Arbeide vera ei Syndestraff. Folke skynar betre enn
nokon Prest, at denne Syndestrafi er ei Tukting til
Frelse.

Ikkje all Ungdom gjeng «Krambu»-Vegen. Eller den
breide Vegen til Amerika. Meir og meir lærer Ungdomen
aa sjaa at her er so mykje heime aa gjera og aa vinne,
at di meir me legg oss paa det Arbeide som her trengst,
di fyrr vil den Dagen koma, daa Lande føder tri Gongir
so mange Millionar tri Gongir so godt. Men til aa faa

328

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0330.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free