- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
333

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so er Norig eit Æventyrland. Utenkt hender
stundom. Kunde me berre hjelpe til som me skulde, —
gjera det heimslegare for dei unge i Norig; gjera det
lettare for deim aa arbeide seg fram. Lata deim lære
det dei turvte og ikkje tvinge deim inn paa den eller
den serskilde Leid; og lata deim lære det dei turvte paa
lettaste Maaten, og paa heimslegaste Maaten, so dei
ikkje fekk Framandkjensla i seg fraa Barndomen av.
Og so lata deim faa lære Arbeid som dei kunde hjelpe
seg med, og hjelpe Lande upp med, so her etterkvart
vart romslegare, lettare, tryggare. Og faa Landsstyre
soleis stelt, at me fekk fleire av desse unge Bøndane inn
i Thinge, so Riksstyre kunde faa gjort anna enn skipa
nye Embætte og sprengje Rikskassa... Tru det ikkje
daa skulde kunna laga seg smaatt um Senn?

— Huh; — kaldt! Ut aa gange ...

*



«Spara.» Det er ikkje sant, at me norske er sparsame.

Me sparar naar Kassa er tom. Men hev me noko, eller
fær me laane noko, so gjeng det.

Ingin Ting er so spelegt for Norig som gode Tidir.
Daa segjer me som Kjeringi: skal me spara baade naar
me hev noko og naar me ikkje hev noko? Ein skal i det
heile ikkje spara paa det som her er nok av, tykkjer
me. Det ein sparar for sin Munn, det ét Katt og Hund.
Den som sparar til Morgons, sparar aat Mysom.

Der er ikkje lite av Fante-Arti i oss. Eller um me
heller skal segja at me er for unge? For lite røynde;
hev livt for mykje i Draum? Vaksne Folk veit, at vil
ein spara, so fær ein spara med’ ein hev noko aa spara
paa. Men det hugsar ikkje me. Naar Tidine er gode
gløymer me Sparetanken. Nett i dei gode Tidine var det
me grov oss ned i Hundramillion-Skuld.

333

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0335.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free